Strategisk presserådgivar

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Kvart år får om lag 90 000 personar søknaden sin behandla av UDI. Deler av innvandringa til Noreg skil samfunnet politisk og har stor medieinteresse. Det har derfor mykje å seie for tilliten både hos søkjarane og i samfunnet at vi handterer debatten kring innvandringa på ein god måte.

Stillinga vil vere knytt til UDI-Kommunikasjon, som i tillegg til presse og samfunnskontakt har ansvar for brukardialog (film/video, klarspråk mm), digital dialog (nett), tolking og omsetting og intern kommunikasjon. Vi har stor pågang på å lage film til brukarane våre, så om du har erfaring både med presse og film, kan det vere ein fordel.

Vi tilbyr

  • Ei sentral og utfordrande stilling i spennet mellom media og politikk, på eit felt med stor politisk interesse og til tider stort mediefokus
  • Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • Stillinga blir lønna som seniorrådgivar i lønnsspennet 650.300 til 776.900 To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring

Du må leggje attestar og vitnemål inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, vil bli bedne om å sende lenkje til Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Viss du har utdanning frå utlandet, ber vi om attest frå Nokut.

Utlendingsdirektoratet legg vekt på mangfald, og vi vil oppfordre alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule
  • erfaring med mediehandtering, gjerne frå ein større organisasjon
  • redaksjonell erfaring kan vere ein fordel
  • god politisk teft og god samfunnsinnsikt
  • ha ein god penn og kunne skrive om komplekse tekster til enkle bodskap
  • gjerne erfaring med videoproduksjon
  • erfaring med krisekommunikasjon kan vere ein fordel

Personlige egenskaper

  • proaktiv innstilling med samfunnsengasjement
  • strategisk, analytisk og initiativrik
  • fleksibel og serviceinnstilt teamarbeidar
  • evne til å veksle mellom ulike oppgåver
  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 30.01.2022

Arbeidssted: Oslo

Arbeidsgiver:
UDI
Innspurten 11D
0663 Oslo

Kontaktperson:
Ingeborg Grimsmo
Tlf: 94507615

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler