Tollinspektør til område Oslofjord, Kristiansand

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober avslutta etaten ein omfattande omorganiseringsprosess og etablerte grensedivisjonen med hovudkontor i Moss. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Kristiansand tollstad består av to grensekontrollseksjonar og er ein del av grensedivisjonsområdet Oslofjord, som har ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon av varer i fylka Agder, Vestfold og Telemark, Oslo og Viken. Området Oslofjord består av elleve seksjonar ved tenestestader i Kristiansand, Grenland, Sandefjord og Oslo. 

Seksjonane i Kristiansand har ansvar for kontroll ved grensekryssande trafikk, primært med fly- og ferjetrafikk, og dessutan ekspedisjon. I dei aktuelle stillingane inngår det turnusarbeid. Du vil òg kunne få andre faglege og administrative arbeidsoppgåver. 

Stillinga har oppmøtestad i Kristiansand.

Kvalifikasjonskrav:

  • avslutta utdanning, gjennomført praksis som tollbetjent og bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten 
  • relevant erfaring frå arbeidsområdet (du kan vise til resultat på området)
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god kunnskap om tolletaten

Vi søkjer deg som har lett for å skape kontakt, og som tek utfordringar. At du er strukturert, sjølvstendig og har orden, er ein føresetnad for denne jobben.

Vi kan tilby

  • utfordrande oppgåver, eit godt fagmiljø og gode høve til å utvikle seg fagleg
  • stilling som tollinspektør (lønnsramme 17, alternativ 6, i statens lønnsregulativ)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • høve til å trene i arbeidstida
  • arbeidsstad i Kristiansand

Vi utførar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Du må kunne levere politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Grensedivisjonen sin posisjon på grensa sørgjer for at varene som passerer grensa til Noreg, flyt effektivt, og at dei blir kontrollerte i nødvendig grad. Tollarane våre har mykje kontakt med publikum og næringsliv og har omfattande kompetanse på etterretning, regelverk om grensekryssande varer og tiltak mot smugling.

Grensedivisjonen består av seks geografiske område med ansvar for fysisk kontroll og ekspedisjon ved tollstadene, ei avdeling med ansvar for fellesfunksjonar, ein fagstab og ein styringsstab.

Inkludering og mangfald 
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef Steinar Fjæran på telefon 957 85 032.

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 18.05.2021

Arbeidssted: Agder

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Steinar Fjæran, seksjonssjef
Tlf: 957 85 032

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler