Tolloverinspektører til juridisk seksjon i vareførselsdivisjonen

Har du interesse for regelverk og prosedyrar?

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober avslutta etaten ein omfattande omorganiseringsprosess og etablerte vareførselsdivisjonen med hovudkontor i Bergen. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Regelavdelinga i vareførselsdivisjonen består av seks seksjonar, og stillingane som no blir utlyste, er lagde til juridisk seksjon. Seksjonen har eit nasjonalt ansvar for å utvikle regelverk og prosedyrar og dessutan eit særleg ansvar for personvern og dokumentkoordinering i divisjonen.

Vi ser no etter to medarbeidarar med tollfagleg utdanning. Arbeidsdagen din vil vere prega av utstrekt samarbeid med ulike fagmiljø på tvers i organisasjonen, og du vil få gode høve til å utvikle deg fagleg. 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • bidra med rådgiving og støtte i prosjekt og enkeltsaker innanfor ansvarsområdet til heile avdelinga
  • ved behov bidra med saksbehandling innanfor saksfeltet til andre seksjonar i regelavdelinga 
  • følgje opp samarbeidande aktørar
  • bidra med utforming, implementering og vedlikehald av interne prosedyrar og styrande dokument innanfor ansvarsområdet til divisjonen
  • bidra med intern undervisning 
  • behandle og svare på regelverksavklaringar 

Kvalifikasjonskrav:

  • bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • god skriftleg framstillingsevne på engelsk
  • erfaring med saksbehandling og rettleiing 

Personlege eigenskapar:

  • Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du er mål- og resultatorientert
  • Du er nysgjerrig, initiativrik og villig til å bidra også utanfor ditt eige ansvarsområde
  • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å stå på i hektiske periodar
  • Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi kan tilby:

  • utfordrande oppgåver, eit spennande fagmiljø og gode høve til å utvikle seg fagleg
  • eit godt arbeidsmiljø
  • lønn som tolloverinspektør etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 535 200 til 575 600 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksitid og høve til å trene i arbeidstida
  • arbeidsstad i moderne lokale sentralt i Bergen

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef June Nesse på tlf. 477 97 831 / june.nesse@toll.no.

Du finn meir informasjon om å jobbe hos oss på toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og ved hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2021 en samlet budsjettramme på 1,761 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 18.05.2021

Arbeidssted: Bergen

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
June Nesse, seksjonssjef
june.nesse@toll.no
Tlf: 477 97 831

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler