Trainee kommunikasjonsmedarbeidar 

Har du ein god penn og evne til å spisse ein bodskap? Kan du setje deg fort inn i nye problemstillingar og gjere om fagtungt stoff til forståeleg norsk? Veit du korleis rekkjevidda i sosiale medium kan aukast, eller korleis ein presentasjon kan spissast? No har du sjansen til å jobbe i eit kreativt kommunikasjonsmiljø med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.

Kommunikasjonsstaben i Kartverket tel sju medarbeidarar. Vi har ein variert kvardag der arbeidsoppgåvene spenner frå å skrive for nett og i sosiale medium til mediehandtering og utarbeiding av presentasjonar. I tillegg hjelper vi fagmiljøa i Kartverket med kommunikasjonsfaglege råd.

Stillinga er del av traineeprogrammet i staten, varer i to år, og er for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. Les meir om traineeprogrammet på Difi sine nettsider. der det også er gjort greie for vilkåra for å delta i programmet. For å bli vurdert for stillinga må du stadfeste at du er i målgruppa for programmet og at du har ei nedsett funksjonsevne. Vi gjer merksam på at opplysningar du gir oss i søknaden, kan brukast til statistikkføremål i samsvar med krava i personvernforordninga, artikkel 13 og 14.  

Arbeidsplassen blir lagt til rette for deg med særskilde behov. Stillingsprosenten kan endrast noko dersom du ikkje kan arbeide fullt.

Vi tilbyr

  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn som rådgjevar, kode 1434, frå kr 480 000,- til 515 000 kr ,- avhengig av utdanning og erfaring
  • God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse 
  • Kartverket prioriterer eit inkluderande arbeidsliv. Vi legg forholda til rette for deg med redusert funksjonsevne.

Kvalifikasjoner

  • Du må ha mastergrad innan kommunikasjon/ journalistikk /norsk eller anna relevant studieretning
  • Erfaring med skriving og publisering på nett
  • Det er ønskeleg at du har erfaring med fotografering, videofilming, sosiale medium og presentasjonar
  • Du må kunne norsk skriftleg og munnleg flytande
  • Det er ønskeleg at du meistrar både bokmål og nynorsk
  • Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar er ein fordel

Personlige egenskaper

  • Evne til å formidle komplisert fagstoff på ein lettfatteleg måte
  • Sjølvstendig
  • Kreativ
  • Motivert

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 15.08.2019

Arbeidssted: Hønefoss

Arbeidsgiver:
- for deg med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning
Kartverksveien 21
3511 Hønefoss

Kontaktperson:
Anne Kristin Moen Frivold
Tlf: 928 02 223

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler