Tre rådgivarar til løyveseksjonen, med arbeidsstad i Kristiansand

Er du den nye saksbehandlaren vår?

Tolletaten er ein kontrolletat i spennande utvikling og med mange endrings- og utviklingsprosessar. 1. oktober 2020 ferdigstilte tolletaten ei fullstendig omorganisering. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft. 

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen skal organiserast ut frå fagområde, der alle einingane skal ha eit nasjonalt ansvar innanfor dei respektive områda sine. Om lag 300 av medarbeidarane i etaten jobbar i vareførselsdivisjonen. Divisjonsdirektøren med tilhøyrande stab held til i Bergen.

Løyveseksjonen høyrer inn under regelavdelinga og skal fullt ut vareta det nasjonale ansvaret for behandling av løyve, autorisasjonar og lettar som næringsliv og private kan oppnå gjennom tollregelverket.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • behandle søknader etter tollregelverket, inkludert klagesaker på dei same områda
  • vareta og utvikle kontaktnett på arbeidsområda til seksjonen, særleg internt i tolletaten
  • ha kontakt med næringsliv og private og drive informasjonsarbeid både utetter og internt på arbeidsområda til seksjonen
  • Du må rekne med at dei daglege arbeidsoppgåvene vil variere i tråd med satsingane og prioriteringane som til kvar tid gjeld for seksjonen.

Kvalifikasjonar:

  • relevant bachelorgrad, gjerne med juss, offentleg forvalting eller økonomi i fagkrinsen, eller tollfagleg utdanning, gjerne med relevant tilleggsutdanning og praksis
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • saksbehandlarerfaring
  • erfaring i bruk av ulike dataverktøy, som Office-pakken og P360

Vi legg vekt på kjennskap til og interesse for arbeidsområdet.

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide strukturert og mål- og resultatorientert
  • evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • høg arbeidskapasitet og høve til å stå på i hektiske periodar
  • gode samarbeidseigenskapar og evne til å vere løysingsorientert
  • positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Kjennskap til og interesse for arbeidsområdet er òg ein stor fordel.

Vi kan tilby

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • intern opplæring
  • eit godt arbeidsmiljø
  • fagleg samarbeid både internt i seksjonen og i tolletaten og med andre statlege etatar, til dømes skatteetaten
  • fleksibel arbeidstid
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar (kr 450 000–550 000 etter statens lønnsregulativ)

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Børre Kvernland på tlf. 905 71 934 / bokv@toll.no.

Meir informasjon om å jobbe i tolletaten finn du på www.toll.no/jobb.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.11.2020

Arbeidssted: Agder

Arbeidsgiver:
Tolletaten

Kontaktperson:
Børre Kvernland, seksjonssjef
okv@toll.no
Tlf: 905 71 934

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler