Underdirektør juridisk seksjon

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Juridisk seksjon i regelavdelinga er divisjonen si nasjonale eining for regelverks- og prosedyreutvikling innanfor den registrerte vareførselen.

Som leiar for seksjonen har du eit heilskapleg ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Seksjonen er nasjonalt ansvarleg for fagområdet og disponerer om lag 15 medarbeidarar.

Som seksjonsleiar rapporterer du til avdelingsdirektøren og inngår i leiargruppa i avdelinga.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • initiere og bidra til utvikling av fagområdet
  • gi juridisk hjelp til andre einingar
  • organisere og svare ut høyringar
  • ha fag-, personal- og resultatansvar
  • følgje opp divisjonsarbeidet med styrande dokument, personvern og samarbeidsavtalar

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

Kvalifikasjonskrav:

  • mastergrad i rettsvitskap og relevant realkompetanse
  • juridisk kompetanse frå arbeid som advokat eller jurist
  • relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet.

Det er ønskjeleg med

  • erfaring frå arbeid med budsjett- og resultatansvar
  • erfaring som jurist frå offentleg sektor
  • erfaring frå utviklings- og digitaliseringsarbeid

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som underdirektør, kr 750 000–850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for «hemmeleg» og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.  Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Søknadsfrist: 02.06.2020

Arbeidssted: Vestland

Arbeidsgiver:
Tolldirektoratet

Kontaktperson:
Ivar Sletten, divisjonsdirektør
Tlf: 900 16 295

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler