Vi søkjer etter arkivar til Noregs fremste faktaleverandør

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. 

SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.

Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

I SSB er det ledig ei fast stilling som arkivar, med arbeidsstad Kongsvinger.
SSB har heilelektronisk arkiv og bruker Websak som sak- og arkivsystem. Vi bruker i tillegg Webcruiter som rekrutteringssystem og Mercell som konkurransegjennomføringsverktøy. Det meste av kommunikasjonen internt, og med omverda, er gjennom digitale kanalar. Altinn er derfor eit viktig verktøy for oss. SSB skal i 2025 inngå ny leigeavtale for kontorlokale i Kongsvinger. På grunn av dette er vi no i gong med eit større ordningsprosjekt der den nye arkivaren vår vil få oppgåver. Stillinga er plassert i Seksjon for eigedom,arkiv og administrative system.

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (kode 1408/1434/1364) i lønsspenn frå kr 464 200 - 604 500 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Mulighet til én time trening i uken i arbeidstiden, med treningsrom i kontorlokalene
  • Hyggelige lokaler med parkeringsmuligheter
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Kvalifikasjoner

Du må ha:

  • Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule- eller universitet innan arkiv-/bibliotekfag
  • God digital kompetanse
  • Meget gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Den som blir tilsett, må kunne bli tryggleiksklarert
  • Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning

Det er ein fordel med:

  • Erfaring frå arkiv og/eller informasjonsforvalting
  • Erfaring med bruk av Websak Basis og Websak+
  • Erfaring med bruk av Altinn
  • Erfaring med bruk av Webcruiter integrert med Websak
  • Erfaring med ordningsarbeid
  • Erfaring med registrering i Asta
  • Erfaring frå offentleg sektor
  • God kjennskap til lovverk som regulerer offentleg saksbehandling og arkiv

Personlige egenskaper

  • Serviceorientert og omgjengeleg lagspelar
  • Sjølvgåande, ansvarsmedviten og proaktiv
  • Evne og interesse for å lære nye ting
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Du liker å dele kompetansen din med andre
  • Detaljorientert og kvalitetsbevisst

Stillingsbrøk

100

Søknadsfrist: 07.10.2022

Arbeidssted: Kongsvinger

Arbeidsgiver:
Administrasjonsavdelingen, Statistisk sentralbyrå
Otervegen 23
2211 Kongsvinger

Kontaktperson:
Jenny Carlsson
jenny.carlsson@ssb.no
Tlf: 48025640

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler