Vil du bidra til tryggare ferdsel til sjøs? Kartverket søkjer fagspesialist innan måleteknikk og instrumentering sjømåling

Frå sjø til land, og frå det ytste verdsrommet til dei djupaste havbotnar. Kartverkets arbeidsfelt er omfattande og mangfaldig.
Kartverket er einaste autoriserte produsenten av offisielle sjøkart i Noreg, og fartøy over en viss storleik pliktar å bruke desse karta. Vi er også ansvarleg for informasjon om farvatn, tidevatn og havstraumar. Kartverket har vidare ansvar for djupnedatabase, og er også leverandør av djupnedata. Våre data sikrar trygg ferdsel langs kysten og betre kunnskap om klima til nytte for mellom anna kommunane. 

Vi søkjer etter ein som er med på drifte sjømålingsustyret på fartøya. Du skal også vera med på å vidareutvikle målemetodar og utstyr for sjømåling. Fagområdet ditt vil vera hydrografisk instrumentering: multistråle ekkolodd, GNSS, lydhastigheitsmåling, bevegelsessensorar. Du vil også arbeide med innføring av nyare sensorteknologi for framtidige måleplattformer. 

Stillinga høyrer til teknologiseksjonen, som er ein del av sjødivisjonen i Kartverket. Seksjonen er sjødivisjonen sin fagekspertise og rådgjevar innan sensorteknologi, metodeutvikling og teknologiforvaltning. Seksjonen har ansvar for utstyret ved datainnsamling, herunder hydrografisk måleutstyr på fire fartøy samt vasstandsmålarar langs Norskekysten og Svalbard. Større datamengder blir samla inn dagleg i norske farvatn.
Stillinga krev sikkerhetsklarering.

Du kan se meir om sjåmåling her.

Vi gler oss til å lese søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk oppfølging av hydrografisk måleutstyr som multistråle ekkolodd, posisjoneringsutstyr, bevegelsessensor og lydprofilmålara, samt tilhøyrande programvare. 
  • Innkjøp, installasjon og brukarstøtte for utstyr som er installert på våre fartøy MS Hydrograf og målebåter.
  • Arbeid med ny sensorteknologi, som LIDAR, og ubemanna/autonome plattformer, som UAV, USV, AUV.
  • Leie og delta i prosjekt i samråd med andre fagetatar og privat industri.

Stillinga fører med seg enkelte reiser om bord til våre fartøy, samt reiser i forbindelse med prosjekter, konferanser eller kurs. Ca. 15-20 reisedøgn/år.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha bachelor innan realfag eller ingeniørfag som: instrumentering, måleteknikk, fysikk, akustikk, kybernetikk, elektronikk, datateknikk, mekatronikk.

Det er ønskeleg at du har:

  • Master innan realfag eller ingeniørfag som: instrumentering, måleteknikk, fysikk, akustikk, kybernetikk, elektronikk, datateknikk, mekatronikk.
  • Erfaring innan relevant fagfelt
  • Praktisk erfaring frå datainnsamling fra fartøy.

Personege eigenskaper

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Sjølvstendig
  • Pragmatisk
  • Nytenkande, og med praktisk sans.
  • Strukturert

Vi tilbyr

  • Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
  • Gode høve for kompetanseutvikling.
  • Gode velferdsordningar.
  • Fleksibel arbeidstidsordning.
  • Stillinga blir løna som overingeniør/senioringeniør, frå kr 550 000,- til 700 000,- etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
    Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

    Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkomen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera  ein samanhengande yrkeskarriere.  

Kartverket er den nasjonale drivkrafta for geografisk informasjon og pådrivar for at Noreg er leiande i bruk av staddata. Vi gjer det enkelt både å samle, behandle og dele stadfesta informasjon. Gjennom samarbeid med både private og offentlege aktørar jobbar vi for eit berekraftig samfunn. Det gjer vi ved å utvikle den geografiske infrastrukturen til å bli ein digitale tvilling for fellesskapet. Vi dekker også behovet for offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmynda for heile landet.

Hovudkontoret ligg på Hønefoss. I tillegg har vi 13 kontorstader frå Kristiansand i sør til Vadsø i nord, samt eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

I Kartverket legg vi vekt på ei tydeleg retning, gode føresetnadar for arbeidet, kompetanseutvikling og moglegheit for karriereutvikling.
Kjerneverdiane våre er: Inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert. 

Les meir på www.kartverket.no 

 

Søknadsfrist: 01.08.2022

Arbeidssted: Stavanger

Arbeidsgiver:
Kartverket

Kontaktperson:
Christina Hæreid, seksjonsleder
Tlf: 99625424

Søk på stillingen

Developed by Aplia - Powered by eZ PublishInformasjonskapsler