Kartverket har ledig to mellombels stillingar som saksbehandlar
Kartverket Ullensvang har ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar og kundesenteret til Kartverket.
Her er vi om lag 50 tilsette som har ein innhaldsrik og variert arbeidskvardag. Brukarane våre stiller mange ulike spørsmål. Dei kjem i kontakt med oss via telefon, chat og e-post. I tillegg kjem arbeid med sosiale media og nettsidene til eigedomsdivisjonen. Vi tinglyser om lag 500-600 papirdokumenter kvar dag.
Tinglysingsavdelinga i Kartverket har ledig engasjement som saksbehandlar ut året 2021. Arbeidsstad er Kartverket Ullensvang med kontor i Kinsarvik.
Kartverket praktiserer eit inkluderande arbeidsliv. Det inneber at vi ønsker velkommen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi ser fram til å ta i mot din søknad.
Kartverket dekkjer behovet for geografisk informasjon og offentleg eigedomsinformasjon i Noreg, og er i tillegg tinglysingsmyndigheit for heile landet. Hovudkontoret til Kartverket ligg på Hønefoss. I tillegg har vi tolv fylkeskartkontor, ein sjødivisjon i Stavanger, eit kundesenter i Ullensvang i Hardanger og eit jordobservatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.
Kartverkets kjerneverdiar er inkluderande, kompetent, open, påliteleg og engasjert.
Søknadsfrist: 12.04.2021
Arbeidssted: Kinsarvik
Arbeidsgiver:
Kartverket
Kontaktperson:
Marita Aarhus, avdelingsdirektør
Tlf: 941 59 478