Logo

Seniorrådgivar i Eining for språktenester UDI



Om stillingen

Eining for språktenester i UDI er organisert under Kommunikasjon og brukerdialog og har seks fast tilsette. Vi har ansvar for kommunikasjonstenester retta mot brukarane våre, rekruttering og oppfølging av tolkar og omsettarar, omsetting av informasjon og saksdokument og språkanalyse.

Vi treng ein meardeidar som kan jobbe med fleire av desse oppgåvene.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:
19.06.2024
Arbeidsgiver:
UDI
Sted:
Oslo
Stillingstittel:
Seniorrådgivar i Eining for språktenester
Stillinger:
1
Heltid / Deltid:
Heltid
Ansettelsesform:
Fast
Stillingsprosent:
100

Arbeidsoppgåver:

  • honorering av tolkar
  • bestilling, attestering og enkelt budsjettarbeid
  • analyseoppgåver ved behov
  • rettleiing av flyktningar ved behov
  • omsette og publisere informasjon på ukrainsk i EPI-server
  • andre tolkefaglege oppgåver som opplæring og oppfølging av tolkar
  • utvikle og lage e-læring for tolkar og omsetjarar

    Kvalifikasjoner:

    • relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule
    • relevant arbeidserfaring frå utlendingsforvaltninga eller anna offentleg forvaltning
    • interesse for og erfaring med budsjettarbeid
    • svært gode språkkunnskapar i engelsk, norsk og ukrainsk
    • gode analytiske evner og erfaring frå utgreiingsarbeid
    • skrive godt og forståeleg i klarspråk
    • erfaring med EPI-server og med å lage e-læringskurs i Elucidat

    Personlege eigenskapar:

    • engasjement for å sikre god brukardialog
    • fleksibel og serviceinnstilt teamarbeidar
    • god samfunnsfagleg forståing
    • god forståing for rolla og samfunnsoppdraget til UDI
    • vi vil legge vekt på at du er skikka for stillinga

    Derfor bør du velje oss:

    Vi er ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vande til å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss, og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.

    Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ei kjempegod kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, gunstige lån i Statens pensjonskasse, fleksibel arbeidsplass og ikkje minst dei aller beste kollegaene i landet (meiner vi).

    Vi ser etter deg som kan identifisere deg med kjerneverdiane våre, og vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

    Velkommen til oss! 

    I Utlendingsdirektoratet er vi opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, «hol i CV», nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen din om du har behov for det.

    Oppstart så snart som råd.

    Litt praktisk informasjon:  

    Stillinga er lønt som seniorrådgivar (stillingskode 1364) i lønnsspennet mellom kr 600.000,- og 650.000,- brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg svært gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar. 

    Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV- og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som du kan laste ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I tråd med offentleglova kan vi offentleggjere søkjarlista sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført der. I så fall blir du varsla.  

    Velkommen til oss.



    Adresse: Innspurten 11D, 0663 Oslo, Norge


    Kontaktinformasjon

    Lena Grønland
    Lena Grønland
    Seksjonssjef Eining for språktenester
    Ingeborg Grimsmo
    Ingeborg Grimsmo
    Kommunikasjonsdirektør

    Om arbeidsgiveren

    Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringens innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglige innspill til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovlig innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkere, og bidrar til retur av personer uten lovlig opphold. Menneskeverd, profesjonalitet og helhet er grunnleggende verdier i direktoratet. UDI ligger under Justis- og beredskapsdepartementet. Se også www.udi.no